lørdag 9. januar 2010

Historia om korleis eg blei rallykjøyrar

No har vi vore her i Fjaler i 4 månadar og vi trivst godt her som nye Fjalerbuarar.Det ein legg merke til først når ein kjem over grensa frå Gaular er av vegen faktisk blir berre halve storleiken av kva den var innan...Første gongen vi kom hit med far min visste vi ikke heilt kva vi skulle tru-vegen frå Molde til Førde hadde vore lang,men den siste timen frå Førde til Dale DEN var lang den...Ikkje nok med at det var sving etter sving etter sving om og om att,men då veien smalna til det halve og det såg meir ut som ein privat vei inn på eit gardstun.Vi visste ikkje heilt om vi skulle fortsette,men vegen gjekk jo der fann vi ut-for bilar kom imot oss i rasande fart!Vi held oss fast og stoppa der vi kunne,og køyrde i berre 40 km i timen i håp om å komme fram i live.Desse Fjalerbuarane var nokre råtassar og vi vart merkt for livet...Ikkje har vi vore meir glad for å komme fram etter meir enn 8 timar i bil enn då,og berre tanken på at eg i framtida kanskje skulle køyre den vegen inn til Førde nokre gonger i månaden fekk det til å gå grøssningar i meg.No har eg øvd meg heile hausten på svingane og Fjalerbuarar i bil (inn ikkje berre er enkelt).No kan eg sjå i vinkel rundt svingane,eg køyrer ikkje lenger i 40 km/t,men eg befinn meg midt i vegen når eg kan og ei gulstripe midt i vegen er no reine luksusen ;)Så ikkje klag om køyreforhald før du har vore i Fjaler og besøkt meg og virkeleg forstår kva det til seie å vere rallykjøyrar til dagleg!