tirsdag 22. september 2009

Gåsa,katten og hanen var leie av livet her!

"Therese Kristin og Filippa,var leie av livet her(Oslo).No ville dei ut i verda og freiste si lukke der."Dette lille rimet er inspirert av Jakob Sande sitt dikt, Fabel, om gåsa,katten og hanen.På vårparten i 2009 kjende eg på meg at det var på tide å freiste lukka andre stader enn i storbyen.Eg ønskja å kunne bli ein del av Noregs kulturliv ein gong til.Å få bruke den utdanninga som eg har til noko og byrje på ei karriere.Det heile vart spanande då eg fikk 2 jobbintervju same veka og til sist fekk eg tilbod om å vere dagleg leiar og kulturkoordinator i Dale i Sunnfjord."Kor ein avsidesliggande stad",tenkte eg,men fann ut at det kanskje var ei spanande oppgåve å byrje med.Difor havna eg i Sogn og Fjordane,fin stad som tidligare berre var eit stort,ope hål på Noregskartet.Eg er i nynorsk-land og har byrja med å friske opp nynorsken som har vore begrava djupt inne i minnet mitt.Difor har eg bestemt meg for å føre denne bloggen meg mitt nye målføre.Etter kvart vil eg fortelje litt meir om korleis det er å vere "byjente på bondelandet".